Eit bord for samhandling og læring

Korleis eit undervisingsrom er møblert, seier noko om kven ein tenkjer eleven er og kva eleven kan gjera. Eit klasserom der pultane står på rekke og rad, og eit rom der pultane er permanent sette opp i grupper kommuniserar ulike syn på lærar- og elevrolla, og dermed ulike forventningar til elevane.
CapAbel-bordet legg til rette for mange ulike måtar å setja opp det fysiske læringsarealet på. Tilgjengeleg kunnskap om korleis menneske lærer, og praktisk erfaring frå undervising av born, unge og vaksne, ligg til grunn for utviklinga av bordet. Sentralt i dette står sosialt fellesskap og at god læring skjer i samhandling mellom dei lærande, eksperten og faget.
Nedanfor finn du forslag til oppsett av borda.

